4. kl

Ski på skulen
I dag har 1.-4.klasse hatt den første økta dette året med ski på uteskulen. Det var flotte forhold med mykje snø, og me trakka løypene sjølve. Då matpausen stod for døra var det tid for grilling. Og i dag var me ekstra svoltne etter all skigåinga.
Skidag på Heggmyrane
Tysdag den 9.februar blir det skidag på Heggmyrane. Bussen går frå skulen kl.9.00 med retur kl. 14.30.

Godt jobba på uteskulen
I dag har elevane i 1. til 4.klasse jobba mykje på uteskulen. Me har frakta ved frå vegen og bort på uteskulen. Me har lagt den opp og me har rydda i vedahuset. Så i dag var det jobb både før og etter mat. Litt tid til leik vart det også på slutten av uteskuleøkta. Det var ein trøytt, men nøgd gjeng som avslutta dagen med loggskriving på skulen i dag.
Fredag ein aktiv dag i 1.-4.klasse
Fredag er fast uteskuledag for 1.-4.klasse. Då er me på utskulen frå kl. 10.30 til 13.00. Her jobbar me med ulike fag, men det blir også god tid til leik. Me har laga ein PhotoStory som viser litt av det me jobbar med på fredagane.
BlimE-dansen
Fredag den 13.november skal Indre Hafslo oppvekstsenter delta på BlimE-dansen. Me øver no på både sangen og dansen på skulen, men om noko også vil øve litt heime så har me lagt den som ein link her på heimesida. Så då er det berre å BlimE!
![kaffikopp[1]](https://img6.custompublish.com/getfile.php/3192309.1686.qbfarxttcx/195x0/0_3192309.jpg)
Velkommen til bygdakafè
Tysdag den 3.november kl. 11.00-13.00 blir det bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter,