A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

7. kl

Mattedag!

Onsdag hadde 5.- 7.klasse ein heil dag med matte. Me starta ute med ulike stasjonar og praktiske aktivitetar, der "dei små grå" verkeleg fekk bryne seg og samarbeidsevna vart sett på prøve - det var måling av areal, omkrins, diameter og radius av sirkel, fyrstikkoppgåver, hoppetau med gjennomsnitt, typetal og median og spegling/symmetri. Etter mat jobba elevane med logg, mattebøker og oppgåver på data. Ein flott og aktiv dag, med mykje god læring, trur me!mattedag7.jpg   mattedag5.jpg   mattedag2.jpg

2015-06-10

Sosialkveld

Det vert sosialkveld torsdag 28.mia frå kl.17.00

2015-05-25

Sommaravslutning i mat og helse

I dag var det siste gang på kjøkenet for gruppe 2 i mat og helse. Temaet var sommaravslutning, og menyen bestod av kyllingburger med tilbehøyr og  med grove, heimelaga burgerbrød, heimelaga hamburgerdressing, heimelaga vaniljeis og varm sjokoladesaus. Elevane pynta eit flott sommarbord.

sommaravsl.jpg      sommaravslutning kj.jpg  sommaravslutning kjøken.jpg

2015-05-20

Vennskap

I samband med fokuset på det å vere ein venn har heile skulen gått saman om å lage eit vennskapshjarte som heng i gangen vår. Her er det masse flotte dikt om vennskap! Ta ein titt innom og les!

vennskap.jpg

2015-04-22

Hoppetau

I samband med Petter Puls-aksjonen laga 5.-7.kasse sine eigne hoppetau. Dei tvinna taua på eit reiskap med navnet reperban. Ei lærerik økt med mange flotte hoppetau som resultat!!

                                                                                            hoppetau.jpg

2015-04-22

Skrivedag

På tysdag hadde 5.-7.klasse ein heil dag med prosess-skriving. Dei brukte eit terningskjema som sette rammene for kva forteljinga deira skulle handle om, før dei laga skriveplan, første utkast og endeleg utkast. Elevane jobba kjempeflott heile dagen, og mange kreative forteljingar vart skapa!

skrivedag.jpg               skrivedag2.jpg

2015-04-22

Og vinnaren av Kokkekampen vart...........

I dag kåra me vinnarane av Kokkekampen. Mange gode rettar vart laga og smakt på, og for dommarane var det ei vanskeleg oppgåve å plukke ut den aller beste gruppa. Til sjuande og sist vart det teljande at elevane hadde valgt rettar som ikkje var blitt laga på skulekjøkenet før, og der alt var laga heilt frå botn av. Gruppa som vann, hadde laga skikkeleg heimelaga pizza med tacoskjell- topping, og heimelaga Oreo-is.

Kokkekamp 2.jpg    Kokkekamp.jpg

2015-03-25

Tradisjonsmat på kjøken

Dei to siste vekene har mat og helse-gruppene fått prøve seg på god gammal husmannskost på kjøkenet, kjøttkaker, brun saus, ertestuing og fruktgraut - alt laga frå botn av! Elevane var enige om at dei heimelaga kjøttkakene var betre enn dei ein kjøpte på butikk

.tradisjonsmat.jpgtrad.mat.jpgtradisjonsmat2.jpg

2015-01-29

Leseveke, veke 5-7

last ned_178x194.jpgVeke 5-7 skal elevane ha leseveke. Då les vi mykje på skule i tillegg til heime. Vi skal også lære å skrive bokmelding. I veke 7 skal elevane på mellomtrinnet ha lesevaka. Då overnattar dei på skulen og har ulike aktivitetar knytta til bøker og lesing. Vi gledar oss til tre veker med mange gode bøker.

2015-01-25
Powered by CustomPublish AS