5. kl
Sommaravslutning i mat og helse
I dag var det siste gang på kjøkenet for gruppe 2 i mat og helse. Temaet var sommaravslutning, og menyen bestod av kyllingburger med tilbehøyr og med grove, heimelaga burgerbrød, heimelaga hamburgerdressing, heimelaga vaniljeis og varm sjokoladesaus. Elevane pynta eit flott sommarbord.
Vennskap
I samband med fokuset på det å vere ein venn har heile skulen gått saman om å lage eit vennskapshjarte som heng i gangen vår. Her er det masse flotte dikt om vennskap! Ta ein titt innom og les!
Hoppetau
I samband med Petter Puls-aksjonen laga 5.-7.kasse sine eigne hoppetau. Dei tvinna taua på eit reiskap med navnet reperban. Ei lærerik økt med mange flotte hoppetau som resultat!!
Skrivedag
På tysdag hadde 5.-7.klasse ein heil dag med prosess-skriving. Dei brukte eit terningskjema som sette rammene for kva forteljinga deira skulle handle om, før dei laga skriveplan, første utkast og endeleg utkast. Elevane jobba kjempeflott heile dagen, og mange kreative forteljingar vart skapa!
Og vinnaren av Kokkekampen vart...........
I dag kåra me vinnarane av Kokkekampen. Mange gode rettar vart laga og smakt på, og for dommarane var det ei vanskeleg oppgåve å plukke ut den aller beste gruppa. Til sjuande og sist vart det teljande at elevane hadde valgt rettar som ikkje var blitt laga på skulekjøkenet før, og der alt var laga heilt frå botn av. Gruppa som vann, hadde laga skikkeleg heimelaga pizza med tacoskjell- topping, og heimelaga Oreo-is.