A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehageavd.

Barnehagen sin

Årsplan 2014/2015

Du finn årsplanen for 2014-2015 her PDF document ODT document .

2015-02-06

Songar me syng mykje

http://www.hildes-hjoerne.com/24988483

"Lille gutt kan tromme", "Lille Petter edderkopp", "Den grøne frosken", "Lille pusekatt kor har du vært", Det sat to kattar på eit bord", "Bæ,bæ lite lam", Alle killebukkane på haugen sprang", "Ro, ro, ro min båt", Hjulene på bussen" m.fl

Dei fleste songane er på bokmål, men me syng dei oftast på dialekt.

2014-10-06

Månadsplan

Oktober 2014

Månadsplan for oktober finn du her PDF document ODT document

2014-12-18

6. - 10. oktober

Haustferie og Planleggingsdag

Måndag 6. oktober er det planleggingsdag. Barnehagen er difor stengt denne dagen.

Det er haustferie for skulen 6. - 10. oktober. Viss nokon av ungane i barnehagen tek fri, er det fint om de gjev oss melding så snart de veit.

2014-09-30
Milla og Julia i kommunestyret

Milla, Julia, Anne Kristin og Oddbjørg synte

Kommunestyret korleis me jobbar med språkutvikling

Torsdag 25. september vart me inviterte til å komme i kommunestyret å fortelje om opplegget me har hatt i barnehagen. Julia og Milla fekk presentere kvar si bok, og Anne Kristin fortalde om dialogisk lesing. Etterpå fekk me lunsj. Flott at me vart inviterte!

2014-09-30

Foreldremøte i barnehagen

Måndag 29. september kl 19.30

Del 1: Dag Skram frå Høgskulen i Sogn og Fjordane held føredrag om Barn si utvikling og Leik og læring.

Del 2: Årsplan 2014-2015, Praktiske ting, Ymse

Les meir HER PDF document ODT document

 

2014-09-23
Gode venner i Nepal

I september og oktober har heile Jostedal oppvekstsenter

Forut-aksjon: "Gode venner i Nepal"

Både på skulen og i barnehagen er me no godt i gang med Forut-aksjon der me lærer om ungane Biswas og Nischal og korleis dei har det heime, i barnehagen og på skulen i Nepal. Det er mykje som er annleis enn i Noreg, men òg mykje som er likt! Me ser filmar, høyrer historiar, teiknar, skriv og lagar mat frå Nepal. 23.oktober vil me avslutte aksjonen med ein Forut-festival for heile bygda på Samfunnshuset.

2014-09-16

Måndag 29. september kl 19.30

Foreldremøte i barnehagen

Dag Skram som jobbar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane vil snakke om Barn si utvikling i førskulealder!

Me er glad for at han vil komme, og håpar at alle foreldre og andre interesserte nyttar sjansen til å få med seg dette foredraget. Alle velkomne!

 

 

2014-09-09

Oppfølging frå foreldremøtet

Personvern - film for elevar og føresette

Dette er ein av filmsnuttane me ikkje fekk synt fram på foreldremøtet - det handlar om personvern for born, og filmen vil bli brukt som ein del av nettvet-opplæringa til elevane (4.-7.klasse) på skulen. Filmen er støtta av m.a. utdanningsdirektoratet, og ligg på nettsida DUBESTEMMER.NO. Der ligg òg ein del andre filmar og anna materiell for både skule og føresette.

2014-09-03

Felles for alle foreldre i skule og barnehage:

Foreldremøte 28.aug (kl 19.30) - saker

Stad: I matsalen på samfunnshuset

Saker: Satsingsområde 14/15 (m/presentasjon av Luster kommune sin nye leseplan for skule og barnehage), medievaner og skjermtid, bruk av pengegåve frå banken, trivsel og læringsmiljø, praktisk info (m.a. skuleskyss)

Foreldrekontaktar møter kl 19, konstituering av FAU (skule) og samarbeidsutval (skule og barnehage)

2014-08-25
Powered by CustomPublish AS