![Gode venner i Nepal](https://img6.custompublish.com/getfile.php/2723582.1686.xqdtabpdaf/250x0/5575336_2723582.gif)
I september og oktober har heile Jostedal oppvekstsenter
Forut-aksjon: "Gode venner i Nepal"
Både på skulen og i barnehagen er me no godt i gang med Forut-aksjon der me lærer om ungane Biswas og Nischal og korleis dei har det heime, i barnehagen og på skulen i Nepal. Det er mykje som er annleis enn i Noreg, men òg mykje som er likt! Me ser filmar, høyrer historiar, teiknar, skriv og lagar mat frå Nepal. 23.oktober vil me avslutte aksjonen med ein Forut-festival for heile bygda på Samfunnshuset.
Finn meir informasjon og artige oppgåver på nettet på aksjonen si heimeside!