Skulen: Felles hausttur
Vigdal - Brevsteinen - Ormbergstølen
Kvar haust har heile skulen ein fellestur i lag, der me vert kjent med ulike turar i nærmiljøet. I år er det turen frå Vigdalen forbi Brevsteinen og ned til Ormbergstølen, og då har me fått med oss kjentmann Kristen Ormberg som vegvisar og historeforteljar. Me reiser frå skulen ca kl 10, så alle må følgje bussen som vanleg om morgonen. På vegen heim kan dei som bur nedanfor Høgebrui gå av på vegen - men 1.-4.klassingar må ha med melding om dei skal det.
Hugs drikke, god niste og klede etter vêret. Lov med ein liten tursjokolade (storleik som "Kvikk Lunsj")