_____________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Sommarles 2018 er ein nettbasert lesekampanje. Alle barn frå 1. til 7. klasse kan vera med. Barna lagar seg ein profil på Sommarles.no. Her registrerer ein alle bøkene ein les, og for kvar lesne side får ein poeng. Etter kvart som ein samlar poeng, kan ein henta kule premiar på biblioteket. På Sommarles.no kan ein òg sjå kva vener les, lesa den eksklusive sommarlesforteljinga, løysa oppgåver og oppnå digitale trofè.
Sommarles er for 1. - 7. klasse, og både dei som skal byrja i 1. klasse til hausten og dei som går ut av 7. klasse i vår kan vera med.
Sjå video om Sommarles: https://sommerles.no/video2018
Sommarlesfest: Laurdag 15 september kl 12. Underhaldning for heile familien med Askeladden friteteater, premieutdeling.