Frisk avslutning før påskeferien
Snøholetur for 6.-7.trinn
Annakvart år tek Jostein med seg elevane i 6.-7.klasse på snøholetur i Vigdalen, dette året godt hjulpen av breførar og friluftspedagog Rune Abildgård Sørensen.
Snøholeturen er noko elevane gledar seg stort til, men det er òg veldig lærerikt - læreplanen i kroppsøving har t.d. som kompetansemål etter 7.trinn at ein skal ha vore med på planlegging av overnattingstur ute, og at ein skal ha kjennskap til lokale friluftstradisjonar.
Her er BILETSERIE - meir om turen kjem litt seinare i veka.