OBS: Hugs at skuleruta ikkje kan ta med ski og stavar!
Skidag Heggmyrane tysdag
Tysdag 5.mars er det skidag for heile skulen på Heggmyrane.
For dei som følgjer skulebussen om morgonen, må ski og stavar leverast på skulen av foreldre, skulebussen har ikkje løyve til å frakte skiutstyr!
Mogeleg å leige utstyr på Heggmyrane (150,- for fullt utstyr).
Det er lov å ha med ein liten tursjokolade ("Kvikk Lunsj-størrelse") og pølser på termos viss ein vil. Hugs uansett stor og god niste, og varm eller kald drikke!
Heile turen vil vere innafor vanleg skuletid, me er tilbake til skuleruta går litt før kl tre. Dei som ikkje har sfo, kan stige av bussen på veg fram (gjeld dei som til vanleg følgjer drosjen heim tysdag ettermiddag), men alle møter på skulen om morgonen.