A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Utviklingsarbeid barnehage 2013-2015

Satsingsområde 1: Språkutvikling

Ut frå ståstadanalyse (samla vurdering av praksisen vår laga på bakgrunn av nasjonale kjenneteikn på god praksis) som me tok i skulen og barnehagen i mars 2013, har me valt ut to hvoudsatsingsområde som me jobbar med dette året (og vidare). Me har då sett opp nokre resultatmål, dvs eit mål som me ynskjer skal vere oppfylt eller forbetra når me evaluerer i juni. For å nå desse resultatmåla, har me diskutert og valt ut ei rekkje konkrete tiltak som me gjennomfører i kvardagen. Under finn de rseultatmål m/tiltak for satsingsområdet Språkutvikling i barnehagen.

BARNEHAGEN

Rammeplan for barnehagen seier:

Tidlig og god språkstimulering er en viktig del av barnehagens innhold. Kommunikasjon foregår i et vekselspill mellom å motta og tolke et budskap, og å selv være avsender av et budskap. Både den nonverbale og den verbale kommunikasjonen er viktig for å utvikle et godt muntlig språk. Å få varierte og rike erfaringer er avgjørende for å forstå begreper. Å samtale om opplevelser, tanker og følelser er nødvendig for utvikling av et rikt språk. Tekst omfatter både skriftlige og muntlige fortellinger, poesi, dikt, rim, regler og sanger. Viktige sider ved kulturoverføringen er knyttet til kommunikasjon, språk og tekst.

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna

  • lytter, observerer og gir respons i gjensidig samhandling med barn og voksne
  • videreutvikler sin begrepsforståelse og bruker et variert ordforråd
  • bruker sitt språk for å uttrykke følelser, ønsker og erfaringer, til å løse konflikter og å skape positive relasjoner i lek og annet samvær
  • får et positivt forhold til tekst og bilde som kilde til estetiske opplevelser og kunnskaper, samtaler, og som inspirasjon til fabulering og nyskaping
  • lytter til lyder og rytme i språket og blir fortrolige med symboler som tallsiffer og bokstaver
  • blir kjent med bøker, sanger, bilder, media m.m.

(Rammeplan, s 40)

For å arbeide mot måla i Rammeplan gjer me fylgjande: (Vert tilpassa alderen til kvart barn)

  • Snakke med ungane i daglegdagse situasjonar. Mykje språkutvikling i måltidet, påkledning m.m.
  • Me pratar om det meg gjer i lag med ungane. Dette er spesielt viktig for dei minste.
  • I konfliktløysing prate om følelsar-løyse opp i situasjonen, og lære å uttrykkje følelsar
  • Ikkje rette på ord dei seier feil, men gjenta ordet slik det skal uttalast.
  • Snakke ordentleg – ikkje babyspråk.
  • Forstå kroppsspråk og setje ord på. Viss me ikkje forstår kva barnet seier, ber me dei om å vise oss kva dei vil – set så ord på tingen dei vil ha. Prøve å finne ut kva dei meiner når me ikkje forstår. Sei opp att ordet rett. Ikkje lest som me forstår, men ta ungen på alvor og prøve å få fatt i kva han meiner.
  • Bruke rett ord (seie «sau», ikkje «bæen» eller liknande)
  • Lese bøker - høgtlesing – fortelje bøker og aktivisere ungane undervegs (ikkje berre passive lyttarar), ungane teikne/fortelje frå det dei har høyrt etterpå
  • Songar
  • Leik og regler. T.d. synge det ein gjer
  • Fortelje eventyr
  • Variere toneleie. Gjer språket meir interessant ved høgtlesing/forteljing
  • Synleggjere ord, bokstavar og tal
  • Rytme i språket. Klappe namn. Puls.
  • Skrive namnet sitt på teikningar
  • Teikne og fortelje kva dei har teikna
  • Bruke tulleord
  • Dialektord: Vekas ord (heng i ramme ved bibliotekhylla i garderoben), 7.klassen som finn nytt ord kvar veke.

RESULTATMÅL MED TILTAK FOR SATSINGSOMRÅDET

Språkutvikling: Forteljing og høgtlesing

Resultatmål

Tiltak

Tid

 

Alle ungane er glade i å bli lest for

 

*Lage avkryssingsliste for å sjå til at alle barna blir lest for.

* Lage system for at foreldre/barn kan låne med bøker heim.

* Byte ut bøker fast

* Personalet formidlar bøker på ein spennande måte

* «Boktimen»- fast organiserte smågrupper med høgtlesing

* Fortelje/dramatisere ein historie/eventyr-personalet kan det utenat

* Fortelje /Lage til eigne historiar frå «verklegheiten»

* Forsettelsesbok for dei største ungane

* "Boka mi": Kvart barn får etter tur ta med ei bok heimanfrå som dei presenterer for dei andre ungane i bhg.

*Teikne frå boka

* Adventskalendar

 

Startar opp oktober 2013

 


 

Språkutvikling: Rim, regler, dikt og song

Resultatmål

Tiltak

Tid

 

Barna i Jostedal barnehage får høyre rim, regler og song  jamleg

 

*Henge opp ellingar og enkle rim ved stellebordet. Utnytte stellesituasjonen til å prate med barnet.

* Synge songar med rørsle

*Lage songsekker. Ein for dei store og ein for dei små. Skifte songar kvar mnd

* Kvar tilsett finn ei regle som dei vil lære til barna/dei andre tilsette

*Vekas dikt: Eit nytt dikt kvar veke.

* Rytmen i ord og song: T.d. bruke tromme til å gå takten. Klappe takten.

* Munnmotorikk»

* Leikar i gymsal som t.d. «Bjørnen sover»

*Lage hanskedokker/Fingerdokker for å gjere forteljingar meir spennande for barna.

 

Startar opp oktober 2013

 

Språkutvikling: Samtale barn og vaksne i lag

Resultatmål

Tiltak

Tid

 

Alle barna i Jostedal bhg får delta i samtale med vaksne i lag med andre barn.

*Innby til samtale i naturlege situasjonar.Dei vaksne øver på å stille «dei rette» spørsmåla.

*Bruke ertepose for å strukturere samtalen i samlingar.

*Forteljarstein

*Forteljarstol

*Gebursdagslys (kunstig kubbelys) som går frå barn til barn der den som held lyset seier noko fint til den som har bursdag.

*Forteljarkort

*Lage historiar av «ting i pose». Ein startar og neste fortset. Tinga i posen styrer historien vidare. Den vaksne oppsummerer.

*Den vaksne utnyttar naturlege situasjonar til å prate med barnet. T.d. påkledning, byte bleier osv.

 

Er gjennomgåande for heile barnehageåret.

Språkutvikling: Leik

Resultatmål

Tiltak

Tid

 

Leggje til rette for språkutvikling ved å stimulere leiken.

*Gjere leikeromma meir innbydande til rolleleik

*Leikegrupper

* Stimulere til rolleleik ved å sjå og oppleve folk i arbeid.

*Skjerme dei minste i leiken

*Måle bilen ute og vesle dokkehytta innvendig for å stimulere til rolleleik ute.

* Samle tomme boksar og diverse frå matlaging som kan brukast i leiken.

*Dei vaksne går inn i leiken når det er naturleg.

 

Er gjennomgåande for heile barnehageåret

 

Språkutvikling: Utforsking av skriftspråket

Resultatmål

Tiltak

Tid

 

Gje barna ei byrjande forståing for bokstavar og tal.

*Synleggjere bokstavar og tal i barnehagen

*Skrive bokstavane med ulike matriell, t.d. baking

*Skrivedans

* Bokstavane har «lyd» og «namn»

*Alfabetsongen

*På bokstavjakt

*Tulleskriving

*Skrive namnet sitt

 

Start oktober 2013

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS