Ballspel i ballbingen
rekordtidleg?
7.mars var ballbingen klar for ballspel etter hardt arbeid frå dei ivrigaste entusiastane. Dette harde arbeidet er ein slags tradisjon ved skulen, og i år har det starta mykje tidlegare og teke mykje kortare tid enn vanleg. I tillegg til at det er artig for dei som likar ballspel ute, er det ei interessant sak i samband med naturfagtemaet 5.-7.trinn har no om vêr og klima.