A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
IMAG1348_crop

Moderne folke- og dyreteljing i Jostedalen

Prosjektarbeid på skulen: Ekspert på eiga bygd

No er heile skulen i gang med eit stort prosjekt fram mot opninga av Breheimsenteret i starten av mai. Me vil gjerne bli ein slags ekspertar på vår eiga bygd, og finne svar på mange spørsmål som me sjølve og folk utanfrå lurer på.

Me håpar å lage eit hefte med svar på mange av spørsmåla me undersøkjer, og kanskje eit nettbasert kart? Målet er å presentere resultatet når det nye Breheimsenteret opnar att, og me har allereie fått plass i den faste utstillinga der.

Det vert 5.-7.trinn som gjer det meste av arbeidet med datainnsamling, men 1.-4.trinn har starta med å sette opp alle familiane på eit kart som heng i gangen, sine eigne familiar og lokale stadnamn i Jostedalen (sjå BILETSERIE). I tillegg til det elevane kan finne ut i eigen familie, vert informasjonen henta gjennom telefon- og e-postintervju, gjennom besøk av lokale ressurspersonar (t.d. Frank Smedegård om vêr og natur), og gjennom eit spørjeskjema som me vil oppmode alle busett i Jostedalen om å svare på. Meir om dette seinare!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS