A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
PetterPuls

Petter Puls

Måndag 8.april startar Petter Puls, den årlege hoppetaukonkurransen i regi av Nasjonalforeningen for folkehelse.

Dette er åttande året "Hopp for hjertet" blir gjennomført, og over halvparten av barneskulane i landet deltek med elevar mellom 4. og 7.kl.

Aksjonen føregår i veke 15 og 16, og elevane får 1 poeng for kvart minutt dei hoppar, dei kan velje om dei vil hoppe individuelt og/eller hoppe slengtau med andre i klassen. Skulen har fått tilsendt hoppetau og hefte med tips til hoppetauleikar.

På ein stor plakat på veggen skal elevane skrive opp kor mykje dei hoppar kvar dag. Til slutt blir poenga registrert via ein database som reknar ut gjennomsnittspoeng.

Bakgrunn for "Petter Puls" er å få elevane fysisk aktive for å førebyggje hjerte- og karsjukdomar, og det er fine premiar å vinne, både lokalt og nasjonalt.

Jostedal Helselag støttar aksjonen, og medlem derifrå vil spandere sunn og god lunsj til alle ungane måndag 22.april (i skuletida).

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS