A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Armando Navarro

Armando fortel om jobben sin

Ungdomslos

Hei, eg heiter Armando Navarro og er ungdomslos i Luster kommune. Her får du litt informasjon om kva jobben min som ungdomslos går ut på og kva eg kan hjelpe ungdomane med.

Kva er ein ungdomslos?

  • Ungdomslosen er eit tilbod for elevane på Hafslo barne- og ungdomsskule og Luster ungdomsskule; for å auke trivsel på skulen, auke meistringskjensle og for å førebyggje fråvær
  • Ungdomslosen skal samarbeide tett med foreldra til ungdomane eller andre omsorgspersonar og hjelpe dei med å støtte ungdomane sin skulegang

Kva kan ungdomslosen hjelpe til med:

  • Planlegge lekser og studieteknikk
  • Sortere tankar og kjensler
  • Takle nervøsitet
  • Støtte- og motivasjonssamtalar
  • Vekking/køyring/henting til og frå skulen (i avgrensa tidsperiode)
  • Hjelpe til med å strukturera kvardagen og få god døgnrytme
  • Skape nettverk og sosiale relasjonar
  • Motivere og lose inn i aktivitet på fritida
  • Bli med ungdomen i møte med ulike instansar
  • Råd og rettleiing
  • Vere med på overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande opplæring
  • Hjelpe og motivere ungdom til å kome i kontakt med hjelpetenester
  • Eller hjelpe til med andre type tiltak som ungdomane treng for at
    dei skal oppleve kvardagane sine som gode

 

Elevane sjølv eller du som forelder kan ta direkte kontakt med meg.
For å avtale møte kan du enten ringe/sende ei melding på: 45979559  eller på e-post: Armando.Navarro@luster.kommune.no

                                                                          

Med vennleg helsing Armando Navarro

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS