A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Framside

8

Blide og fornøgde 8.klasssingar på breen

Nigardsbreen 10. september 2018

2018-09-10

Takk for godt oppmøte og lukke til med nytt skuleår!

Presentasjon frå møte med føresette 28.august 2018

Referat frå klassemøtene finn de på trinnet sine sider. Presentasjon med tema: Saman om barn og unge i Luster, finn du i venstre meny; Kommunale tenester i Luster.

2018-09-05

Eg kan

Eg skriv ikkje fint, og eg les ikkje fort,

så meg er det nok lett å terge.

Men gjeld det å springa av stad som ein hjort,

å dukke i elva, å klatre i berget...

Jau, det kan eg greie, jau, det går nok an.

Om nokon vil seie dei trur at eg kan!

 

Eg somlar og rotar, sit aldri i fred

og får aldri ferdig ei lekse.

Men gjeld det å lokke ei mor til å le,

ein hund til å danse, ein blom til å vekse..

Jau, det kan eg greie, jau, det går nok an.

Om nokon vil seie dei trur at eg kan!

 

Eg greier mest aldri å fange ein ball,

eg spring nok, men stega er tunge.

Men gjeld det å stelle ein hest i ein stall,

ein sjuk i ei seng og ein ørliten unge...

Jau, det kan eg greie, jau, det går nok an.

Om nokon vil seie dei trur at eg kan!

 

Ingvar Moe

2018-08-24
Powered by CustomPublish AS