
Info om eksamen våren 2021
Det vert noko endring i korleis eksamen vert i vår.
Årets skriftleg eksamen er avlyst på grunn av Covid-19 og den store forskjellen i undervisninga elevane har opplevd. Me har vore heldige og har ikkje hatt mykje annarleis undervisningskvardag, men me har likevel kjent på utfordringane med organisering og liknande.
Sjølv om skriftleg eksamen er avlyst så vert munnleg eksamen gjennomført. Datoane for munnleg er lagt til veke 23 med mogelege datoar 10 og 11.juni.
Det vert gjennomført prøvemunnleg eksamen, det vil kontaktlærarane kome meir tilbake til.
Ta kontakt om det er noko spørsmål rundt tema eksamen