Kristin er fødd 1970 og kjem opprinneleg frå Øvre Årdal. Etter å ha jobba med barn og unge i 26 år, siste åra som rektor, tok ho opp skrivinga, ein lidenskap ho har hatt heile livet. Ho har vore spaltist og journalist i Porten sidan 2021.
I 2022 lanserte ho boka «Å elska», som eit eige skriveprosjekt og «hjartebarn».
Den nye romanen «Liv» utforskar to parallelle historiar som kretsar rundt tema som familie, relasjonar, traume og personleg utvikling. Me møter to ulike kvinner, som begge kjempar ein kamp for å finne indre ro og tryggleik.
Boksal og signering etter føredraget.
Gratis inngang. Kaffi/te og noko attåt.