Hugs å gå inn på INSTAGRAM for å følgje med...
Bilete frå skule- og barnehagekvardagen
Det er aller lettast å følgje med ved å installere app'en Instagram på mobiltelefon eller nettbrett, men du kan òg gå inn på denne heimesida for å sjå bileta: Jostedal oppvekstsenter på Instagram
På mobil og nettbrett kan du installere app'en INSTAGRAM som er eit lite gratisprogram der du må opprette ein profil (e-postadresse og passord) og så let deg poste bilete - og følge andre sine bilete. Jostedal oppvekstsenter har fått eigen mobil, og den brukar me mellom anna til å ta bilete og poste under profilen "oppvekstjostedal" på Instagram. For å sjå bileta, trenger du altså å installere app'en, opprette ein profil og følgje brukaren @oppvekstjostedal. Du treng ikkje å legge ut bilete sjølv eller følgje andre profilar enn vår. Du kan òg opprette profil og sjå bileta via nettsida til Instagram. Barnehagen vil informere om dette og hjelpe til med å installere osb på eit foreldremøte i løpet av dei neste vekene.