No ryddar me i boksamlinga!
Betre bibliotek
Målet er å gjere kvar bok litt meir synleg, litt lettare å finne rett og slett. Me har starta med å ta alle bøkene ut av hylla (i gangen ved 6.-7.klasserommet), og sorterer etter tre prinsipp:
- Skilje ut dei bøkene med einsfarga omslag utan tekst eller bilete ("gamle bøker")
- Skilje bøker på bokmål og nynorsk
- Forfattaren sitt etternamn - alfabetisk
Når me er ferdige med sorteringa, vil me sette dei "moderne" bøkene opp att i hylla, det vil då komme ei oppdatering av korleis utstillinga ser ut etter ryddinga. Bøkene utan tekst og bilete utanpå, vil lærarane gå gjennom og plukke ut klassikarar til ei eigen "klassikar-hylle", kanskje kan me lage våre eigne omslag til nokre av desse bøkene.
Dei bøkene me meiner ikkje er aktuelle å behalde i skulesamlinga, vil me rydde vekk, og me vil gjerne ha innspel til kva me kan gjere med desse! Sidan ein del av bøkene kjem frå det gamle biblioteket i kommunehuset, vil rektor òg sende spørsmål om dette til lag og organisasjonar i bygda.