A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Rammer frå Utdanningsdirektoratet

Arbeid med trivsel i skule og barnehage

Her finn de nyttige lenker og dokument som har med læringsmiljøet å gjere.

Ei viktig ramme for skulen og barnehagen sitt arbeid med trivsel, læringsmiljø og danning, er Utdanningsdirektoratet si inndeling og definisjon av Sosial kompetanse:

 

SJØLVKJENSLE:

 

- å oppleve eigenverd, akseptere seg sjølv, kjenne seg akseptert, oppleve indre styrke og ha ei positiv holdning til seg sjølv

 

EMPATI:

- å ha forståing for andre sine perspektiv, tankar og kjensler, kunne leve seg inn i andre sin situasjon, syne medkjensle og ta omsyn og kunne tolke og forstå kjensleuttrykk
 

PROSOSIAL ÅTFERD:

- å ha positive, sosiale haldninger og å kunne utføre handlingar som å oppmuntre, bry seg om, syne omsorg, hjelpe til og dele med andre
 

SJØLVHEVDING:

- å kunne hevde seg sjølv og eigne meningar på ein god måte, våge å stå imot gruppepress, ta initiativ og bli med på leik og samtalar som allereie er i gang, delta uoppfordra og invitere andre
 

SJØLVKONTROLL:

- å kunne tilpasse seg ulike situasjonar, takle konfliktar og utsette eigne behov og ønskjer i situasjonar som krev turtaking, kompromiss og felles avgjerd

 

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS