Skriveprogram på data
Å skrive seg til lesing med "cd-ord"
Også 1.klasse har starta med cd-ord, skriveprogrammet på data der "dataen" les opp det elevane skriv. Denne veka har elevane skrive si eiga leselekse om bokstaven M - m.
Dei eldre elevane brukar òg programmet cd-ord i lag med skriveprogram. Det å høyre datamaskina "lese opp" det ein har skrive, er god hjelp for å rette skrivefeil når ein har sett seg blind på teksten!