Samarbeid med heimen
Bokprosjektet i barnehagen
Dette barnehageåret vil me ha særleg fokus på fagområdet Kommunikasjon, språk og tekst.
"Omvendt klasserom" - òg fint for foreldre som vil vere leksehjelparar
Matematikk for mellomtrinnet
Her kan elevar, foreldre og andre interesserte sjå YouTube-videoar om noko av det 5.-7.trinn skal lære i matematikk, og foreldre får sjå korleis reknestykkje skal/kan setjast opp no til dags. Filmane tek for seg emne for emne, og dei fleste varer om lag 5-10 minutt kvar: Matematikk-spelelista frå læraren Ole Martin Kyllo ("SkoleKyllo") på YouTube.
1. foreldremøte 2013/2014 - OPPSUMMERING
Felles foreldremøte torsdag 5.sep
Det var veldig godt oppmøte på felles foreldremøte for oppstart av skule- og barnehageåret. Viktige saker var pedagogiske satsingsområde kommande år, praktisk info frå barnehage og skule, og spørsmål og innspel frå foreldre. Etter møtet konstituerte FAU seg, og foreldreutvala valde representantar til Samarbeidsutvalet (SU).
Informasjon frå barnehagen
5 åringane:
Mål: Øve på å lytte og utføre. Ta imot ein beskjed og utføre!
Aktivitetar: Me ser på øyre og lærer litt om korleis øyra ser ut. Kvifor har me øyre? Me lyttar på ulike lydar og prøver å skilje lydar frå kvarandre. Ulike leikar der dei må konsentrere seg og få med seg det som blir sagt for å kunne utføre.
3 åringane:
Mål: Lære fargane, leik med fargar
Aktivitetar: Lære namn på fargane, måling, blande fargar osv
1 åringane:
Mål: Bli trygge og kjende i barnehagen
Aktivitetar: Omsorg, leik, ulike regler og songar.
Oppstart av skule- og barnehageåret, utviklingsarbeid og forventningsavklaring
Foreldremøte torsdag 5.september kl 19-20
Kva lurer du på? Kva forventar du? Lurer du på kva skulen eller barnehagen forventar av deg? Oddbjørg og Mette ynskjer alle spørsmål velkomne!
Etter foreldremøte vert det konstituering av foreldrearbeidsutvalet (fau), samarbeidsutvalet (su) og skulemiljøutvalet (smu). Foreldreutvala for barnehagen og skulen skal ha to medlem kvar i samarbeidsutvalet.
Barnehagen opnar att i morgon 5.august

Me ynskjer alle ein fin
Sommarferie
Desse vert med i foreldreutvala for skule/barnehage frå hausten:
Klassekontaktar 2013-2014
Foreldrekontaktar 2013/14
Barnehagen:
Bjørn Inge Fossen, Ronny Aasen, Kjellrun Elvekrok og Ellen Kynningsrud
Skulen:
1. klasse: Jorunn Anita Åsen (vara: Bjørn Inge Fossen)
2. klasse: Oddmund Hoel (vara: Marit Aakre Tennø)
3. klasse: Gro Kirsti Hesjevoll (vara: Ingar Norberg)
4. klasse: Morten Vigdal (vara: Ronny Aasen)
5. klasse: Jane Mukiri Namu (vara: Bente Myklebust)
6. klasse: Even Loe (vara: Eli Bjørhusdal)
7. klasse: Vigdis Bakken (vara: Else Marie Haugen)