3. kl
5-åringane på nytt skulebesøk
Skulebesøk
I dag var 5-åringane på nytt skulebesøk - her kosar alle seg med mat i lag med "skulehjelparen". Det var så god byggeleik på slutten at me måtte forlenge besøket litt.
Les kvar dag i ferien - og vinn meir enn dei hyggelege stundene!
Juleles Jostedal
Me på oppvekstsenteret vil nytte høvet til å minne alle om kor koseleg det er å lese litt i juletida, og i tillegg er det å lese og bli lesen for noko av det viktigaste for å klare seg godt i verda. Som ei hjelp til å hugse på lesinga, har me laga til ein konkurranse for alle elevane på skulen. Det går ikkje på kor mange sider eller bøker eller kor lenge ein les, men på kor mange dagar ein har lese. Teikneseriar tel òg!
Juletrefesten til skulen:
Arbeidsliste frå FAU
Lista er sendt heim med elevane fredag 6.12., men du finn ho her òg:
Songar og kostyme til julespelet
Øving heime og på skulen
På skulen er me i gang med øving til årets julespel, og det er flott om alle kan øve heime òg. For å gjere det litt lettare å øve heime, skal de no finne tekstar i leksemappa, og her ligg musikkvideoar til dei ulike songane - i tillegg til "Glade jol" som me reknar med at alle kjenner melodien til. Kostyma vil me gjerne gjere enkelt (og lett å kombinere med typiske klede til juletrefest), de finn ei oversikt over kva type kostyme dei ulike rollene treng under "Les meir" - fint å ha dei ganske klare i løpet av neste veke.
Gje i staden for å få!
Omvendt julekalender
Laurdag 30.nov er siste dag for innbetaling til Spring for Syria-aksjonen vår, og me kom langt over målsettinga vår med innsamling på 7220 kroner til Redd Barna sitt arbeid for krigsramma barn i Syria - flott innsats!
Så er det klart for "Omvendt julekalender" (i regi av SOS Barnebyer) der me kvar dag ser ein liten filmsnutt frå korleis barn har det ulike plassar i verda, og skuleungane kan samle inn pengar ved å gjere arbeidsoppgåver i heimen og ta med betalinga til skulen i ein eigen konvolutt (me samlar inn kvar fredag fram til jul).
Tysdag 3.12 kl 9.00
Bilete frå "Farvel til lyset"
Elevane stilte opp med lyktene sine (alle lagar si eiga lykt i 1.klasse) og song lyssongar. Turen gjekk bort til barnehagen, der ungane hadde flokka seg i glaset for å sjå og høyre. Tilbake på skulen var det peparkaker og klementiner, og me song resten av songane me øver på til juletrefesten. Det har vorte tradisjon at når soli forsvinn (rundt 1.12), så markerer me dagen med lys og songar, og oppfordrar alle til å "lyse for kvarandre" i mørketida.
I oktober kom 8 glade 5-åringar til oss i småskulen
Fyrste skulebesøk i år
Rim og regler, songar, skrivedans og leik stod på programmet. Vi var ute i friminuttet i lag og kosa oss med niste.
No har juleførebuingane starta på skulen
Julespel til juletrefesten 15.desember
Den tradisjonelle juletrefesten vert i år søndag 15.desember kl 14. Julespel er valt ut, og alle elevane har fått ynskje seg roller ved hemmeleg val. Der fleire har ynskt same rolle, har me trekt. Me trur alle no er nøgde og spente på øving - det vert teater med ei rekkje musikalske innslag. Instrument har elevane òg valt sjølve.
I dag hadde skuleungane aksjon til inntekt for barn i Syria
Alle sprang for Syria!
Elevane i 1.-4.trinn sprang og sprang med godt humør rundt idrettsbana, mange i ganske tunge dressar i det blaute vêret. Elevane i 5.-7.trinn sprang innover mot Espe, opp til 5,2 km totalt. Alle vart gode og slitne etter springinga, men det var god stemning, og etterpå fekk alle saft og frukt i lag. Etter den innsatsen er alle spente på innbetalinga til aksjonen! PS. Det er lov å støtte aksjonen utan å ha laga sponsoravtale med elev òg.
Markering av SN-dagen
SN-dagen 24.10
Jostedal Oppvekstsenter vil markere denne dagen torsdag 1.time. Alle klassane har førebudd seg på framføringar som har med SN å gjere. 1. og 2.kl har teikna til fellessongen "Morgendagens søsken", 3. og 4. har Barnerettane som tema, medan 5.-7. vil ha presentasjonar om Tusenårsmåla. Til slutt blir det fellessong saman med korps-, gitar- og rytmegruppe.