A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

6. kl

Info frå "Foreldrepulsen"

"Læreplanen i matematikk på 1-2-3"

HER finn de lenkje til "Læreplanen i matematikk på 1-2-3" (berre bokmål).

2015-01-14
Good Time Charlie

Grendekonsert i samarbeid med Ungdomslaget, fau og Den kulturelle skulesekken

"Good time Charlie" speler i Dølaheimen 20.jan

Elevane i 5.-7.trinn vert IKKJE att på skulen, dei har workshop med musikarane siste økta i vanleg skuletid. Kl 16 har ungdomslaget sal av pølser, kaffi og kaker. Konserten vert ca kl 16.45. Vel møtt til heile bygda! Les meir om opplegget HER.

2015-01-19
språksamanlikning

6.-7.trinn sitt "språkhjørne"

Å samanlikne språk

I dag hadde 6.-7.trinn om å samanlikne språk i språkhjørnet. Elevane har alle kvart sitt språk, og omset eitt ord kvar veke. Denne veka var ordet "å førestille". Me samanlikna kva dette ordet heiter på nynorsk, bokmål, engelsk, dansk, svensk og italiensk - og korleis det vert bøygd i presens og preteritum. På vegen fann me ut at dette verbet vert bøygd regelrett på alle språka me samanlikna.

2015-01-22

Tysdag er det kodetime for 2.-4.klasse

Meir dataprogrammering!

No får 2.klassen òg vere med - HER er lenke til kodespel/-kurset me skal prøve oss på på skulen - hald gjerne fram heime! Berre trykk på lenka og logg inn med "hemmeleg ord" som står på lapp i leksemappa.

2015-01-06
uteungar

Velkomne tilbake i skule og barnehage 2015

Godt nyttår!

Takk for i fjor, no er me glade for å ta fatt på eit nytt år!

2015-01-05
omvendt-julekalender-sos-barnebyer

Heile skulen er med på

Omvendt julekalender

For tredje gong er me med på "Omvendt julekalender" frå SOS barnebyer der slagordet er "gje i staden for å få". I år er det ekstra fokus på SN (FN) sin barnekonvensjon som har 25 - årsjubileum. Sjå ein liten videosnutt for kvar skuledag i desember her (desse ser klassene i lag på skulen). I tillegg til å lære litt om barnekonvensjonen og om korleis born har det andre plassar i verda, kan elevane samle inn pengar til aksjonen ved å gjere småjobbar heime der lønna skal gå til aksjonen. Alle får med ein konvolutt heim som dei kan samle pengane for slike småjobbar i, og så leverer dei konvolutten på skulen den siste veka før jul. På den måten vil ingen sjå kor mykje eller lite det er frå kvar.

2014-12-08
kodetimen

I dag er 3.-7.trinn med på

Kodetimen 2014!

HER er lenkje til sida der me kjem inn på det første spelet (frå Frozen) som lærer oss koding. HER er det andre spelet me prøvde. Det går fint an å halde fram heime - det hemmelege passordet til kvar elev står på ein lapp som ligg i leksemappa! 

2014-11-28

Skuleåret 2014/2015

Årsplanar 4.-7.trinn

Her ligg 4.-7.klasse sine årsplanar i faga:

2014-11-03

Land i Asia og Oseania

5. 6. og 7. klasse skal no kunne alle land i Asia og Oseania. Lat fredagskvelden få eit pedagogisk innhald: Skru av fjernsynet, blås i "Nytt på nytt", og gå heller inn på "gruble.no" sin geografitest.

2014-10-24
Gode venner i Nepal

I september og oktober har heile Jostedal oppvekstsenter

Forut-aksjon: "Gode venner i Nepal"

Både på skulen og i barnehagen er me no godt i gang med Forut-aksjon der me lærer om ungane Biswas og Nischal og korleis dei har det heime, i barnehagen og på skulen i Nepal. Det er mykje som er annleis enn i Noreg, men òg mykje som er likt! Me ser filmar, høyrer historiar, teiknar, skriv og lagar mat frå Nepal. 23.oktober vil me avslutte aksjonen med ein Forut-festival for heile bygda på Samfunnshuset.

2014-09-16
Powered by CustomPublish AS