7. kl
5.-7.trinn er i gang med tverrfagleg prosjektarbeid:
"Vasskraft i Jostedalen"
5.-7.trinn er i gang med det årlege prosjektarbeidet - denne gongen i samfunnsfag og naturfag med støtte frå norsk, matematikk og kunst&handverk. Elevane lagar ein modell av røyrgata gjennom Jostedalen (som skal stillast ut på Breheimsenteret gjennom sommaren), dei skal bygge sine eigne vatnmøller og reise på ekskursjon til Jostedal kraftverk med Norman Kjærvik.
5.time 16.april
Instruksjonar til norsktimen
Pga problem med Fronter, legg eg videosnutten her i staden!
Barnehagen førre veke, skulen denne veka:
Markering av Friluftslivets år
Førre veke hadde barnehagen skileik med 5.klasse tysdag og akedag med grilling torsdag - denne veka er det skulen sin tur. Me har to friluftslivstudentar frå høgskulen i Volda i praksis tysdag, onsdag og torsdag. Tysdag har dei 1.hjelpsstasjonar med 3.-7.trinn, onsdag har dei 5.-7.trinn med ut og lagar sunn mat, og torsdag har heile skulen skileik siste del av dagen. Obs: Hugs at bussen ikkje kan ta med ski, så foreldre må levere ski innan torsdag kl 12! Me gjer ekstra mykje ut av solformørkinga som når maks (ca 95 %) fredag kl 10.50, og håpar berre på klart vêr. Solformørkingsbriller er kjøpt inn, og alle trinn nyttar høvet til å lære om fenomen i verdsrommet.
Illustrasjon (om lag slik vil formørkinga sjå ut ved maks): Knut Jørgen Røed Ødegaard
Førebyggande arbeid startar tidleg!
Arbeid med psykisk helse og kartlegging av angst blant born og unge
Fredag denne veka kjem representantar frå eit forskingsprosjekt (Uni Research Helse, RKBU Vest, sjå utfyllande info under) på skulen for å gjennomføre ei undersøking av angstproblematikk i 3.-7.klasse ("Engstelse hos barn og unge"). Alle foreldre til 3.-7.klassingar skal ha fått invitasjon direkte frå forskargruppa, og dei elevane som skal delta må ha med samtykkeskjema på skulen seinast fredag (men helst før, så me ser kor mange som skal ta undersøkinga). Gje beskjed om nokon treng ny kopi av samtykkeskjemaet!
6.-7.klasse sin
Ordklasse-kviss
Gå in på SOCRATIVE og skriv inn kode til rommet: a10ad2ea
Tysdag hadde heile skulen
Skidag på Heggmyrane
Store og små koste seg i godt vêr og gode tilhøve - då er det moro å vere i aktivitet!
Skulen:
Endring av oppsett på vekeplanane
No ser vekeplanane for 1.-4.trinn annleis ut enn dei har gjort før, og frå neste veke vil 5.-7.trinn sine òg bli endra. Formatet er endra frå «ståande» til «liggande», og innhaldet er organisert på ein litt annan måte. Me vil difor be dykk studere planen litt ekstra grundig denne veka, og gjerne spørje oss om det er uklart!
Veldig vellukka satsing i all snøen:
Ski i skulen!
Her er bilete frå då 3.-7.trinn hadde skiøkt torsdag 29.januar, men 1.-2.klasse har faktisk vore ute på ski 4 tysdagar no, biletet her er frå sist tysdag. Ingen tvil om at desse tiltaka aukar både dugleiken og gleden på ski!
"10 fingrar" - artig og nyttig trening
Tastaturteknikk
Her kan elevane logge inn med FEIDE (dvs same brukarnamn og passord som på skule-pc) og øve på å skrive på tastatur med rett teknikk.