3. kl
Veldig vellukka satsing i all snøen:
Ski i skulen!
Her er bilete frå då 3.-7.trinn hadde skiøkt torsdag 29.januar, men 1.-2.klasse har faktisk vore ute på ski 4 tysdagar no, biletet her er frå sist tysdag. Ingen tvil om at desse tiltaka aukar både dugleiken og gleden på ski!
Nyttig skjermtid?
Nettsider med gode læringsaktivitetar
Engelsk: STARFALL - lære lydar, lesing og andre aktivitetar på engelsk (frå barnehage til mellomtrinn)
Info frå "Foreldrepulsen"
"Læreplanen i matematikk på 1-2-3"
HER finn de lenkje til "Læreplanen i matematikk på 1-2-3" (berre bokmål).
Grendekonsert i samarbeid med Ungdomslaget, fau og Den kulturelle skulesekken
"Good time Charlie" speler i Dølaheimen 20.jan
Elevane i 5.-7.trinn vert IKKJE att på skulen, dei har workshop med musikarane siste økta i vanleg skuletid. Kl 16 har ungdomslaget sal av pølser, kaffi og kaker. Konserten vert ca kl 16.45. Vel møtt til heile bygda! Les meir om opplegget HER.
Tysdag er det kodetime for 2.-4.klasse
Meir dataprogrammering!
No får 2.klassen òg vere med - HER er lenke til kodespel/-kurset me skal prøve oss på på skulen - hald gjerne fram heime! Berre trykk på lenka og logg inn med "hemmeleg ord" som står på lapp i leksemappa.
Velkomne tilbake i skule og barnehage 2015
Godt nyttår!
Takk for i fjor, no er me glade for å ta fatt på eit nytt år!
Heile skulen er med på
Omvendt julekalender
For tredje gong er me med på "Omvendt julekalender" frå SOS barnebyer der slagordet er "gje i staden for å få". I år er det ekstra fokus på SN (FN) sin barnekonvensjon som har 25 - årsjubileum. Sjå ein liten videosnutt for kvar skuledag i desember her (desse ser klassene i lag på skulen). I tillegg til å lære litt om barnekonvensjonen og om korleis born har det andre plassar i verda, kan elevane samle inn pengar til aksjonen ved å gjere småjobbar heime der lønna skal gå til aksjonen. Alle får med ein konvolutt heim som dei kan samle pengane for slike småjobbar i, og så leverer dei konvolutten på skulen den siste veka før jul. På den måten vil ingen sjå kor mykje eller lite det er frå kvar.
I dag er 3.-7.trinn med på
Kodetimen 2014!
HER er lenkje til sida der me kjem inn på det første spelet (frå Frozen) som lærer oss koding. HER er det andre spelet me prøvde. Det går fint an å halde fram heime - det hemmelege passordet til kvar elev står på ein lapp som ligg i leksemappa!
I september og oktober har heile Jostedal oppvekstsenter
Forut-aksjon: "Gode venner i Nepal"
Både på skulen og i barnehagen er me no godt i gang med Forut-aksjon der me lærer om ungane Biswas og Nischal og korleis dei har det heime, i barnehagen og på skulen i Nepal. Det er mykje som er annleis enn i Noreg, men òg mykje som er likt! Me ser filmar, høyrer historiar, teiknar, skriv og lagar mat frå Nepal. 23.oktober vil me avslutte aksjonen med ein Forut-festival for heile bygda på Samfunnshuset.