Samarbeid med heimen
Info frå "Foreldrepulsen"
"Læreplanen i matematikk på 1-2-3"
HER finn de lenkje til "Læreplanen i matematikk på 1-2-3" (berre bokmål).
Barnehagen:
Månadsplan januar 2015 m/Snøhumla Mille
I januar vil me kose oss med boka Snøhumla Mille! Sjå meir om boka her http://skald.no/utgjevingar/snohumla_mille/
Månadsplan for januar finn du her
Fredag 12. desember
Luciafeiring i barnehagen
På fredag 12.des hadde me Luciafeiring i barnehagen. 1. klassen var inviterte på "Lussekattar". Etter lunsj var det tid for felles leik før 1.klassen måtte bort att på skulen. Video her
Hugs at det er no på søndag kl 14 det er
JULETREFEST for heile bygda!
FAU er arrangør, skulen bidreg med julespel og anna underhaldning. Korpset speler, og det vert nissepakkar og gang rundt juletreet! Inngang: 50,- for vaksne, gratis for born.
Songar me syng mykje
http://www.hildes-hjoerne.com/24988483
"Lille gutt kan tromme", "Lille Petter edderkopp", "Den grøne frosken", "Lille pusekatt kor har du vært", Det sat to kattar på eit bord", "Bæ,bæ lite lam", Alle killebukkane på haugen sprang", "Ro, ro, ro min båt", Hjulene på bussen" m.fl
Dei fleste songane er på bokmål, men me syng dei oftast på dialekt.
6. - 10. oktober
Haustferie og Planleggingsdag
Måndag 6. oktober er det planleggingsdag. Barnehagen er difor stengt denne dagen.
Det er haustferie for skulen 6. - 10. oktober. Viss nokon av ungane i barnehagen tek fri, er det fint om de gjev oss melding så snart de veit.
Milla, Julia, Anne Kristin og Oddbjørg synte
Kommunestyret korleis me jobbar med språkutvikling
Torsdag 25. september vart me inviterte til å komme i kommunestyret å fortelje om opplegget me har hatt i barnehagen. Julia og Milla fekk presentere kvar si bok, og Anne Kristin fortalde om dialogisk lesing. Etterpå fekk me lunsj. Flott at me vart inviterte!
Foreldremøte i barnehagen
Måndag 29. september kl 19.30
Del 1: Dag Skram frå Høgskulen i Sogn og Fjordane held føredrag om Barn si utvikling og Leik og læring.
Del 2: Årsplan 2014-2015, Praktiske ting, Ymse
Les meir HER