7. kl
SKULEN:
Nyttige nettsider og appar for læring
Nettsider:
- Nettoppgåver frå kapitla i Multi - søk på Multi 1-4 eler 5-7 og vel rett bok og kapittel
- Multi Smart Øving - logg inn med FEIDE (same som dei loggar på skulemaskinene) - Smart Vurdering (berre på skulen)
- Jostedal1-7 quizlet
- Luster bibliotek si søkjeside for å reservere bøker - logg på med lånarnr og PIN (dei vert levert til skulen om me ikkje har dei i samlinga vår)
App'ar (lurt å teste dei først sjølv):
- Quizlet - engelsk glosetrening (nettside,men òg som app)
- Mattekongen junior (King of Math jr) og Mattekongen når dei meistrar junior
- Matemagisk sine rekne-spel (telle, regne, tid, brøk, regne mer)
- Tella (nynorsk tale, passar frå barnehagealder og oppover i småskulen)
- eBokBib - bilioteket sine digitaliserte bøker (logg på med PIN og lånarnummer frå lånekortet. PIN er i utgangspunktet fødselsdato - to siffer til dag og to siffer månad.)
Betalingsapp'ar:
- Poio lesetreningsspel (kostar 199,-)
- Samlaget - digitale bøker med innlesen tale (av skodespelarar) - app'en er gratis, det er nokre gratis bøker, men elles betalar ein per bok (som å kjøpe boka i butikken, men dei kostar stort sett mellom 50,- og 100,- per bok)
Programma frå Mikroverkstedet - til dømes tastatur-trening med 10 fingrar - logg inn med FEIDE (same som du loggar på skule-PC med)
Skule:
Referat frå foreldremøte 25.aug
Pedagogiske satsingar, læringsmiljø, skuledemokrati, nye datasystem og oppfølging av foreldremøtet om skjermtid/nettvet.
Skulen: Felles hausttur
Vigdal - Brevsteinen - Ormbergstølen
Kvar haust har heile skulen ein fellestur i lag, der me vert kjent med ulike turar i nærmiljøet. I år er det turen frå Vigdalen forbi Brevsteinen og ned til Ormbergstølen, og då har me fått med oss kjentmann Kristen Ormberg som vegvisar og historeforteljar. Me reiser frå skulen ca kl 10, så alle må følgje bussen som vanleg om morgonen. På vegen heim kan dei som bur nedanfor Høgebrui gå av på vegen - men 1.-4.klassingar må ha med melding om dei skal det.
Hugs drikke, god niste og klede etter vêret. Lov med ein liten tursjokolade (storleik som "Kvikk Lunsj")
5.-7.trinn fekk profesjonell hjelp til årets
Kokkekamp
Kokken på Breheimsenteret, Johanne Grov, kom og fekk smake trerettarsmiddagane til dei to konkurrerande laga i 5.-7.klasse. Ho vart veldig imponert over begge laga, og dei fekk både ros og nokre gode tips med på vegen vidare på kjøkenet.
Springing i Gaupne i strålande sol
5.-7.trinn på Tinestafetten
Tysdag var 5.-7.trinn med på tinestafetten i lag med dei andre skulane i Luster. Det var full innsats frå alle!
Alle land i Amerika
No kan 5. 6. og 7. klasse alle land i Europa. Dei klarar også alle land i Amerika på 38 sekundar. Ta testen du også.
Nettadresse og passord
Olweusundersøking 4.-7.trinn
Gå inn på denne nettsida og logg inn med innloggingskode og passord: https://resp.nsd.uib.no/olw/olw.aspx
Innloggingskodar:
- 4.trinn: 2461130
- 5.trinn: 2471579
- 6.trinn: 2471699
- 7.trinn: 2471580