A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

5. kl

21.jan-10.mars

Arvid i praksis, Marita vikar frå 31.januar

Arvid tek praktisk-pedagogisk utdanning på deltid dette og neste skuleår, og det inneber ein praksisperiode kvart av skuleåra.

2013-01-23
gangetabell

Fysisk aktivitet i matte

I 4. og 5.klasse brukar me baksida på ein voksduk når me øver multiplikasjon.

2013-01-21
Barnehagen og skulen i desemberlys, ungar som spelar fotball

Me ynskjer alle ei fredeleg julefeiring, og eit godt nyttår!

Takk for i år

No går det mot jule- og nyttårsfeiring, og me vil takke for ei koseleg førjulstid i barnehagen og på skulen.

Velkomne tilbake i det nye året!

(Gjeld sjølvsagt ikkje dei ungane som skal i barnehagen i romjula, dei er velkomne då òg!)

2016-03-02
Gitarspelarane

Søndag 16.desember var det

Juletrefest med Kardemommeby-spel!

NO finn de biletserie frå Kardemommeby-spelet her! Bileta er kornete og uskarpe, me blir veldig glade viss de som har skikkelege bilete vil sende dei til oss - t.d. til JSA-sak neste år: mette.f.reinertsen@luster.kommune.no.

2012-12-18
Skuleungane syng vintrasongar (Arvid med gitaren)

Bilete!

Farvel til lyset

Her finn de bilete frå årets Farvel-til-lyset-markering (skulen og barnehagen i lag):
2012-12-17

LESiNG OG BAKING

Samarbeid med 5.klassen

Bildeserie av 5-klassen les og bakar peparkaker med oss. Klikk her

2012-12-09
omvendt-julekalender-sos-barnebyer

GJE i staden for å FÅ!

Omvendt julekalender

I år er alle klassene på skulen med på noko som heiter Omvendt Julekalender. Kvar dag opnar me ei luke på nettsida til aksjonen (som er laga av SOS barnebyar), der me får sjå korleis ungar har det rundt om i verda. Gjennom heile adventstida kan elevane avtale med foreldra sine at dei gjer noko arbeid der dei gir løna for arbeidet til aksjonen.

2012-12-07
mørketid

OBS: Ungane må vere komne i barnehagen til kl 9 for å vere med!

Farvel til lyset fredag 30.nov

Farvel til lyset er ein tradisjon me har der me markerer at sola ikkje rekk ned til oss i perioden frå 1.12. til 12.1. kvart år. Då går skuleungane med lykter og syng snø- og vintersongar. Turen går forbi barnehagen sitt uteområdet, og ungane i barnehagen ser på lystoget frå glaset. I år vil me samlast i gymsalen etterpå, ha litt musikkleik i lag, og synge litt. Barnehagen sørgjer for drikke, og 1.-4.klasse har laga lussekattar og solbollar til alle.
2012-11-28
Kardemomme by - roller_1024x1710_cropped_169x119

No er øvinga i full gang!

Julespel på juletrefesten 16.des

I år er det Egner-år, og me har fått låne Kardemommeby-kulisse frå Luster vgs til julespelet vårt!
2012-11-21
DSC_1750

Besøk frå Comedia dokketeater

Onsdag hadde me besøk frå Comedia dokketeater,der me fekk lære å lage dokkehovud til ei handdokke. Kjempekjekt og supre resultat, no er det berre å lage kostymer.
2012-10-29
Powered by CustomPublish AS