A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Nærare info er no oppdatert, kjem òg på vekeplan fredag

6.-7. skal på overnattingstur til Holmevasshytta

Me reiser frå skulen ved skulestart tysdag (dei som stig på i byggefeltet og Fåberg blir plukka opp på vegen), og er tilbake til skuleruta går onsdag ettermiddag (kl 14.45).

Opplegg:

Lære om blomer, dyregraver mm (naturfag, samfunnsfag, kroppsøving), skrive om det etterpå.

Mat:

Arvid og Jostein tek med middagsmat til alle, elevane tek sjølv med 4 x niste: til formiddagsmat begge dagane, til kveldsmat tysdag og til frukost onsdag. De kan ta med rett I koppen til kvelds og frukost, det er kokeutstyr på hytta. Me grillar på kvelden, så dei som vil grille pølser, kan ta med dette.

Det er lov å ta med to tursjokoladar (eller tilsvarande) for dei som vil. Maks 200g sjokolade per person totalt. Kan I tillegg ha med ein ting til hygge om kvelden - for maks 20 kr - og så mykje frukt du orkar å bære!

Utstyr:

* Gode turstøvlar

* Varme klede (ull/fleece)

* Regn- og vindtette klede (jakke og bukse)

* Skifteklede, gjerne to par ekstra sokkar (me kan bli heilt gjennomblaute)

* Nattklede

* Tannkost og tannpasta

* Sovepose (+ liggeunderlag for Sølvi og Renate som meldte seg frivillige til å sove på golvet)

* Fiskestong med utstyr

* 4 nistepakkar (frukost, kveldsmat, to x formiddagsmat)

* Drikkeflaske

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS