REFERAT
4. Elevrådsmøte 6.februar 2013
Sak: Planlegging av skulen sitt KARNEVAL.
Mål: Alle skal tykkje det er kjekt på karneval.
Dagens omgrep: Kompromiss
Til stades: Heile elevrådet, og kontaktlærar for elevrådet (Mette)
Tid: Onsdag 6.februar 2013 kl 12-13
Stad: Arbeidsrommet til lærarane
Skrivar: Mette
--
På dette møtet hadde me berre ein sak: Planlegging av skulen sitt karneval.
Mål: Alle skal tykkje det er kjekt på karneval.
Dagens omgrep: Kompromiss
Dette vart bestemt:
KARNEVAL ONSDAG 6.MARS
- Kl 17.30-19.45
- Mat: Pølse m/brød, pizza (laga av 5.-7.trinn i mat og helse same dagen)
- Det er lov å ha med ½ liter brus, skulen ordnar saft.
- Alle kler seg ut.
Hjelp frå vaksne:
- Kristi, Sølvi og Gunnar spør Astrid om å få lage pizza
- Vebjørn spør Marie om ho kan hjelpe til med å førebu pølsene (som tidlegare)
Program:
- Kl. 17.30-17.45 Alle går litt rundt og ser på kvarandre sine kostymar, går til 1.-3.klasserommet.
- Kl. 17.45: På 1.-3.kl-rommet: QUIZ felles (5.-7.klasse sine elevrådsrepresentantar lagar spørsmåla, deler grupper osb.)
- ca kl 18.15: Mat og kviskreleiken + alle syner seg fram og blir teke bilete av (som tidlegare år).
- Seigmannleiken + puteleiken på 2.klasserommet
- Tre val: Lenkesisten på 1.-3.kl-rommet / Mimeleiken 4.-5.kl-rommet / Diskotek 6.-7.klasserommet
- RYDDE (Obs: Koret skal vere på kjøkenet frå kl 20)