Uteskule 15. og 16.juni
15. og 16.juni hadde mellomsteget i Solvorn, på Hafslo og Veitastrond uteskule i Solvorn.
Måndag var elevane og såg på strandsitjarmiljøet i Solvorn og på omvisning i fjøset til Arne Kvalen. Etterpå gjekk turen til den gamle slåttemarka "Nyre".
På ettermiddagen var det grilling og kos på skuleplassen i Solvorn. Ut på kvelden var det tid for underhaldning i gymsalen. Kvart telt fekk ansvar for litt underhaldning, noko som gav mange kreative og fine framsyningar.
Tysdag etter frukost var det først opprydding og nedpakking av telt, og etterpå gjekk turen til "Tønsberg". Arne Kvalen fortalde om korleis bestefaren hans dreiv produksjon av tretønner på Tønsberg.
To flotte dagar med kjekke elevar!