Barnehageavd.
Haustfest 2018
Elevane ved oppvekstsenteret har i nokre veker jobba tverrfagleg med eple- og potetprosjekt. Prosjektet skulle ende i ein hausfest, der produkt dei hadde laga skulle selgast til inntekt for Barnehjelp Afrika. Festen vart halden tysdag 6.november, og den gjekk over all forventning.
På tampen hadde vi ein eple- og potetquiz, som elevane på mellomsteget hadde laga. Vinnarane (to delte 1.plassar) var dei som sat ved desse borda: (Eple-quiz): "Tordis" og "Høyum, Skjeldestad, Hilleren" og (Potet-quiz): "Svein Arve, Jan, Mette, Lars Arne, Gudny, Wenche" og "Torje, Kasper, Roger, Grete, May, Irene, Odd John og Britt". Bra jobba!! :)
Opning av Raudestova
Onsdag, i flott haustsol, markerte me at Raudestova er renovert. Dette gjekk til etter ein kjempeinnsats frå føresette og vaktmeistar i god dugnadsånd. Stova vart måla og fiksa etter alle kunstens reglar og er no like "god som ny"! Flott at så mange føresette tok turen til opninga. Det vart høgtideleg snorklypping av årets 7. klassingar, etter tale frå rektor. Etterpå kosa me oss med rykande varm kakao i grindaverket medan haustsola varma godt. Me gler oss til å ta denne flotte stova i bruk.
Fine dagar
Våren er komen til Solvorn (iallefall nesten), og me har mange kjekke dagar her på skulen. Her kjem ei lita bildekavalkade over noko av det me har gjort på i vår.
Solfest
Den 6.februar kom sola attende til skulen. Dette måtte me sjølvsagt markere. Elevane fekk forskjellege oppgåver knytt til temaet sol og gult. Det var underhaldning med både song, dikt, framføring av solsystemet, solpynta bord og ikkje minst mykje god (og gul) mat. :) Her var dei aller fleste engasjert på kvart sitt fagfelt, og om me legg góviljen til, såg me nett i sola også.
JAnuar :)
Tida går som oftast fort i januar, so også på skulen. Me skriv allerede veke 4, og me har fult opp med mange lærerike aktivitetar, både i timane og i friminutta. Snøen er ein viktig faktor for aktive friminutt der fart, morro og samspel står i fokus. Både elevar og lærarar krysser fingrar og tær for at den skal halde seg stabil i lang tid framover :) God veke til store og små frå oss på oppvekstsenteret. :)
Strandsitjardagane 2017
Då var Strandsitjardagane 2017 vel overstått for denne gong. Dette har vore ei særs god og vellukka gjennomføring, og elevane har hausta mange og gode erfaringar. Vi har jobba tverrfagleg med stradsitjarmiljøet som hovudtema i nokre veker no, og det var kjekt for elevane (og lærarane) å få vise fram alt det flotte me har laga. Det var mange som var innom veggen vår og studerte alt frå gamle yrker til gamle reiskapar. Me vil også rette ein spesiell takk til alle som lånte ut gamle verktøy og reiskapar. Det er ekstra lærerikt for elevane å sjå desse i verklegheita, og ikkje berre på bilete! Håpar alle føresette også hadde ein flott dag, der de fekk sjå litt av det me driv på med, her på oppvekstsenteret. Me gler oss allereie til neste gong det er strandsitjardagar her i Solvorn.
Fantastisk start på nytt skuleår!!
Då var skuleåret 2017/18 godt i gong, og det ser ut som at alle tykkjer det er greit med gode skulekvardagar att. August og skulestart er nesten synonymt med gode værmelingar og strålande sol.. Dette fekk me merke på beste måte då me avslutta første skuleveka med ein fantastisk tur til Huarplassen. Elevane var særs flinke til å gå, og dei let vel omlag heile vegen. Me fekk også ei spennande oppleving på toppen, då me møtte på ein nokså stor (!!) og doven hoggorm, som låg og sola seg. Dette var både morosamt, men også litt skummelt. :) Turen gav iallefall meirsmak, og me vil nytte dette skuleåret til å urforske nærmiljøet vårt i flotte Solvorn.
Skuleutflukt til Heibergske samlingar på Kaupanger
Onsdag 31 mai, reiste maxiane og 1.- 7.klasse i lag til museet på Kaupanger. Der fekk vi omvisning av dyktige og kunnskapsrike ansatte ved museet, der temaet var "Eventyr". Vi fekk sjå (og klappe) både hest, sau og ku. Vi fekk også oppleve eventyrforteljing og hoppe i høyet. Dette var kjekt, og me ynskjer å komme att på besøk ein anna gong også. :)
Aktivitetsplan våren 2017
Det er mykje som skjer på skulen vår framover. Her er ei liste over viktige dagar og hendingar fram mot sommarferien. :)