Tur til Øvrabøstølen og Setålen
Torsdag 10.september var 5.-7.klasse på tur til Øvrabøstølen og Setålen. Me gjekk opp Gamlegalden via Galden til Øvrabøstølen, og fylgde derifrå stien ut til Setålen. Derifrå gjekk me nedatt i skogsvegen til "Øvstesvingen" og fylgde hovudvegen attende til skulen.
På stølane såg me på stølshusa som enno står, og snakka om korleis stølane vart drivne før i tida, og kva for gardar som hadde stølsdrift på dei ulike stølane.
Me var veldig heldige med vêret, og hadde ein fin tur!
(Klikk på overskrifta for å sjå bileta)