Sykkeltur til Sage
På torsdag flytta me klasserommet ut på sykkelsetet, og heile mellomsteget var på sykkeltur til Sage. Me sykla frå skulen og fram til kraftstasjonen der me tok ein god pause og fekk i oss mat og drikke. Sidan me var ved kraftstasjonen var det eit passande høve til å repetera litt av det me lærde om då me var på besøk i Jostedal Kraftverk tidlegare i vår. Sykkelturen gjekk fint og sjølv om bakkane på turen opp var litt tunge, gjekk dei desto lettare ned igjen, og alle var einige om at turen hadde vore fin!