A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Framside

Skulen stengt frå 13.mars til og med 13 april.

På grunn av situasjonen kring Koronaviruset, vert skulen stengt i tida 13.mars -13. april. 

For å stoppe spreiing av Covid-19 og bidra til å oppretthalde naudsyntee helse- og omsorgstenester har Helsedirektoratet beslutta ei rekkje tiltak som gjeld frå torsdag 12. mars kl. 1800. 

For å unngå at elevane misser viktig skulegang, vert difor hovudtrykket og skulekvardagen samla på Teams. Der vil lærarar gi informasjon og oppgåver til elevane. For dei minste, vil elevane få andre oppgåver/skulearbeid, som dei ikkje treng data til. Lærararne vil vere tilgjengleg på telefon, melding, epost eller Teams/Visma, frå klokka 9.00 til 14-30 kvar dag.

Dersom ein elev er sjuk, eller av anna årsak ikkje kan delta på undervisning på Teams, melder de om fråvær på Visma, som vanleg prosedyre. 

Me har forståing for at elevar kan synset det er kjedeleg og lange dagar, no når dei ikkje kan samlast og besøke kvarandre fysisk, slik dei gjerne pleier til vanleg. Difor ynskjer me at elevane prøver so godt som råd å ha ein nokonlunde strukturert skuledag heime. Det kan også vere kjekt for elevane å "treffast" på Teams - då veit dei iallefall at dei andre i klassen er der også :) Me vil i løpet av denne perioden legge opp til fysisk aktivitet ute. Dersom nokre elevar kjem samstundes til ein stad, eller dei spring forbi kvarandre, oppmodar me om at dei er forsiktige og ikkje kjem for nære kvarandre, men held tilråda avstand på 1-2 meter. 

Som konsekvens av stengde skular, vert alle planlagde utviklingsamtalar og foreldremøte vert utsett. 

Det er viktig at alle tek situasjonen på alvor. Det er føresette sitt ansvar å informere borna vidare om Korona-viruset, og omsyn ein skal ta. Borna har behov for informasjon fortløpande, og behov for tryggleik i denne situasjonen me er i. Det er dei føresette sitt ansvar og føresette si avgjer om borna skal ha kontakt med andre utanfor heimen. Føl nasjonale råd!

Gro Anita

2020-03-26

Besøk frå bygdalaget

Denne veka var me so heldige å få bygdalaget på besøk på skulen. Dei hadde med seg ein framifrå lunch, som ei påskjønning etter at skulen deltok på strandsitjardagane. Dette vart sett stor pris på, av både små og store ved skulen. Me samla oss rundt borda og fekk servert hedlekaker, lappar, heimarørt jordbærsylte, brunost og sukker, nydeleg eplejuice pressa lokalt i Solvorn, brownies og frukt. Dette vart ei veldig fin samlingsstund og me takkar Tordis og Per Jørgen for besøket. De er hjerteleg velkomne tilbake! 

20191030_112449.jpg 20191030_113605.jpg 20191030_114730.jpg 20191030_113618.jpg 20191030_113557.jpg

2019-11-01

Fellestur til Setålen

Onsdag 28 august reiste skuleelevane og maxiane på tur i lag til Setålen. Me var heldige og fekk strålande solskinn heile turen. Utsikta på toppen var fantastisk, der me såg utover den flotte naturen vår  Kjekk dag, der alle var i godt humør og hadde det kjekt. 

Setålen_1016x572_516x291.jpg

2019-08-29
Powered by CustomPublish AS