Skulen stengt fram til 13.april
Som dei fleste no sikkert har fått med seg, er skulen stengt til og med 13.april. Meir informasjon om dette frå udir, finn de her: https://www.udir.no/korona
Me held fram som før, med undervisning hovudsakleg på Teams. Elevane er etter kvart vortne meir drivne på denne måten å ha skuledag på, men me har forståing for at dei kan verte både frustrerte og leie innimellom. Dei gir uttrykk for at dei saknar kvarandre og at dei har eit ynskje om å få spele fotball saman att og andre normale "friminutt"aktivitetar. Det beste rådet me kan gi då, er å vere tolmodige. Vi er i ein unntakstilstand og normal kvardag kjem tilbake. Dersom de ynskjer å snakke med oss på skulen om tankar eller spørsmål de har no, er me tilgjengelege frå klokka 9.00 til 14.30 kvar dag.
Her kan de lese meir om gode råd til korleis ein kan forhalde seg til situasjonen no: https://bufdir.no/Foreldrehverdag/trygge_rad_til_foreldre_i_korona_hverdagen/