Skidag
Siste dag før vinterferien hadde me skidag på Heggmyrane. Der kosa me oss med skileik og mykje god mat. Vi hadde til og med eit mini-OL på tampen av dagen. Veldig kjekt og kjempegod innsats frå alle elevane. Mange gryande talent i Solvorn/Urnes, som me nok kjem til å sjå mykje meir av i framtida. :) Vonar alle har hatt fine vinterferiedagar og at de alle no er klare til å byrje på skulen att måndag 26.februar klokka 08.30. :) Vel møtt!