A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Flott framsyning på engelsk i 4. klasse!

I dag har 4. klasse hatt framsyning av "Little Red Ridinghood" for 1.-3. klasse. Elevane har jobba godt med å laga og læra seg replikkar, og dei spelte med stor innleving.

Alle elevane var kjempeflinke til å seia replikkane på engelsk, og dei spelte veldig godt. Det var kjekt å sjå kor flinke dei er blitt! Ein elev var ikkje på skulen under framsyninga, men ein annan elev gjekk inn og tok rolla hans på strak arm. Samarbeidet i gruppa var veldig godt, og engasjementet var stort. Takk for ei flott framsyning!

bilde 1_280x210
Frå venstre: Thomas som mora, Marte som Little Red Ridinghood, Daniel som ulven, Silje som Grandmother og Vegard som Mister Hunter.
bilde 3 (2)_210x280
Her har ulven ete både Raudhette og bestemora og tar seg ein kvil.
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS