Etterarbeid av Villrein-dagen i Ringsdalen!
Etter dagen me hadde saman med SNO i Ringsdalen den 10. september har me jobba med ulike prosjekt knytta opp mot temaet "Villrein". Elevane har laga PowerPoint-presentasjonar og veggaviser. Dei har hatt framføringar for kvarandre der dei presenterte innhaldet på veggavisene.
På biletet ser de ei av veggavisene som vart laga, som no heng i gangen på skulen. Ungane har jobba godt i grupper og likar denne type arbeid, noko som viser seg i eit godt resultat. Dei får utfordra kreativiteten sin i korleis dei organiserar veggaviser, og dei får øvd seg på å henta ut relevant fakta via ulike nettsider.