A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Endeleg skulestart

Hoe gezond zijn kinderen van 0 tot 4 jaar? - De Heemsteder

Måndag 11.mai, byrjar elevane på skulen att. Me gler oss til å sjå dykk att, alle som ein! Sjølv om heimeskulen kom brått på dei aller fleste av oss, trur eg me kom godt ut av situasjonen likevel. Me har fått ei markant forsterking av den digitale kompetansen vår og den skal vi nyte godt av framover. Eg trur også at elevane har vortne meir medvitne på å strukturere eigen skuledag og arbeidsmengde - det er ikkje berre lett å plutseleg skullle sitje aleine ein heil skuledag! Mykje ros til både elevar og føresette, for at det har gått so bra i desse vekene. 

 

Sjølv om det kan sjå ut som krisa er over for denne gong, er det framleis veldig viktig å følgje dei smittevernråda me har fått av helsedirektoratet. Difor vert også oppstarten og skuledagane framover, noko anleis enn det elevane (og vi) er vande med. I morgon (måndag 11.mai) møter mellomtrinnet til vanleg tid, men dei må halde seg på grusbana før det ringer inn til første time. Det vil vere vaksne ute og rettleiie elevane, samt svare på spørsmål. Morgondagen kjem i stor grad til å gå med til å innarbeide nye rutinar, men eg håpar vi får tid til litt fag også :) 

Elevane tek med seg dei bøkene dei har behov for i morgon; norsk, matte + repetisjonsheftet og engelsk. Dei skal også ha med penalhus, med skrive- og farge blyantar, viskelær, blyantkvessar og linjal. Dei må også ha med matpakke og eiga drikkeflaske. Me har ikkje lagt ut vekeplan/dagsplan endå - elevane vil få informasjon om dagen i morgon. 

 

Dette vert stas! Me ser verkeleg fram til å sjå alle att og vi vonar at elevane gler seg også (og kanskje norkre av dei føresette også? :) )

Vel møtt alle!!    

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS