A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Elevråd

Her finn du meir om:

  • Kva opplæringslova seier om brukarmedverknad og Elevråd
  • Kven som medlemmer i Elevrådet dette skuleåret
  • Referat

Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld Elevråd:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)


Elevråd:
  • Ved kvar grunnskule skal det for årstrinna 5-7 og for årstrinna 8-10 vere eit elevråd med representantar for elevane. Kommunen fastset talet på elevrepresentantar. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skulen har teke til om hausten.
  • Ein medlem av undervisningspersonalet på skulen skal ha som oppgåve å hjelpe elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet.
  • Leiaren for elevrådet kan kalle inn til møte i rådet i samråd med elevrådskontakten. Rådet skal i alle høve kallast inn når ein tredel av medlemmene i rådet eller rektor krev det.
  • Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for å skape godt lærings- og skulemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.
 
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS