Bygdalaget på besøk
Denne veka var me so heldige å få bygdalaget på besøk på skulen. Dei hadde med seg ein framifrå lunch, som ei påskjønning etter at skulen deltok på strandsitjardagane. Dette vart sett stor pris på, av både små og store ved skulen. Me samla oss rundt borda og fekk servert hedlekaker, lappar, heimarørt jordbærsylte, brunost og sukker, nydeleg eplejuice pressa lokalt i Solvorn, brownies og frukt. Dette vart ei veldig fin samlingsstund og me takkar Tordis og Per Jørgen for besøket. De er hjerteleg velkomne tilbake!