Hafslovatnet fuglefredingsområde
Barnas naturoppsyn 30.4.
30.4. var heile mellomsteget i Solvorn invitert til feltdag i regi av Barnas naturoppsyn. 6.klasse på Hafslo var også med.
Temaet denne dagen var kva artar som lever i fredingsområdet, kvifor dei trivst så godt akkurat der og kva som kan truge det rike mangfaldet.
Elevane var innom tre ulike stasjonar:
- observere fugleartar i området og telje kor mange av kvar art. Sortere boss og finne ut kvar bosset har kome frå.
- natursti.
- "trekkfuglleik".
Til lunsj fekk me servert pølser og varm saft. Vêret vart også bra utover dagen. :)