A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Aktivitetsdag i Hestaskår

I dag, fredag 5.juni, har alle elevane ved Luster Oppvekstsenter fått smaka på korleis det var å leva ved Hestaskår for 150 år sidan. Me har baka potetkaker, smakt på sild og poter, lært oss å stella med hest, båre vatn og hesja. Veldig kjekk dag med aktivitetar som verkar til å interessera elevane! Dei har jobba veldig godt og samarbeida fint i lag på dei ulike stasjonane :)

hesjing i hestaskår_700x394.jpg

Her har elevane vore med på å slå med ljå, raka saman graset i dungar og hengt det opp i fengjer på hes. Flinke var dei alle saman!

 

 

potekaker.jpg

Britt og Else hadde god kontroll på potekakesteiking og elevane fekk både steika og smaka på! Det smakte god med litt sirup på ;)

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS