2. kl
Turdag
Fredag 19.09.2014
Fredag blir det tur opp gamlevegen til Berge. Me har oppstart i klassane, elevane tek berre med vekeplanboka og leksebøker som skal leverast inn.
Ta med: ein lett jakke, sitjeunderlag, vanleg niste og drikke,
Fjøsbesøk
I dag tidleg var me og såg på mjølking. Me fekk klappe kyrne og sjå dei fekk ut etter dei var mjølka. Omlag om ein månad kjem det kalvar, då har me lyst i fjøsen att og sjå dei små kalvane.
Foreldremøte
Velkomen til foreldremøte torsdag 02.09.2014:
2. klasse kl 17.30
1. klasse kl 18.30
Tur til Langen
Torsdag var alle på skulen og ei gruppe frå barnehagen på tur til Langen. Topp ver og topp humør! Nokre ymta frampå at det var litt slitsomt i bakkane oppover, men vel oppe i Langen var alle i full aktivitet heile tida! Mykje spennande å utforske og å leike. Topp utsikt mot fjorden og Molden! - God helg:)
Fysak
Dette skuleåret vil me ha mykje fag og fysisk aktivitet. Denne veka har me hatt fleire økter ute med øving i talsymbol og bokstavar. Full innsats!
Alle avslutta skuledagen i lag ute- full innsats med Røris av små og store:)
Kjekt å vere i gang!
2014-08-20Førskuledagar
I veke 22 og 23 har me førskuledagar. Neste års førsteklasse har 8 elevar, og her ser me dei i jobb med terningar - full innsats og godt samarbeid.
Bli med på Sommarles 2013!
Luster bibliotek inviterer alle 1.-7. klassingane i kommunen til å delta i konkurransen om å bli sommarens leseløve. I tillegg til flotte kommunale premiar, vil Luster oppvekstsenter kåra sin eigen lesemester!
Edvard Munch
Kunstveke
Etter å ha vortne kjende med Munch sitt liv og måleri, fått lære om kunstepoke, hatt dramøvingar--då var me endeleg klare for å måle. Elevane tok utgangspunkt i bilete av seg sjølv på brua mot omsorgssenter/Lerumsbui. Me gler oss til dei ferdige bileta og utstilling:)