A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

4. kl

Markering av SN-dagen

SN-dagen 24.10

Jostedal Oppvekstsenter vil markere denne dagen torsdag 1.time. Alle klassane har førebudd seg på framføringar som har med SN å gjere. 1. og 2.kl har teikna til fellessongen "Morgendagens søsken", 3. og 4. har Barnerettane som tema, medan 5.-7. vil ha presentasjonar om Tusenårsmåla. Til slutt blir det fellessong saman med korps-, gitar- og rytmegruppe.

2013-10-23

Laila Renate Buer Storli og John Ole Morken til Jostedal

"Drøymefjell": DKS-framsyning måndag 4.11 kl 13.15

Drøymefjell er ikkje ein plass ein reiser til - det er ein plass musikken tek ein med til. Med kveding, flatfele, hardingfele og gitar tek musikarane Laila Renate Buer Storli og John Ole Morken oss med til sitt eige Drøymefjell. Framsyninga representerer og fortel ein viktig del av vår nasjonale og lokale kulturhistorie, for alle regionar i Noreg har sine særprega musikktradisjonar.

2013-10-16

Trygg trafikk har laga video som dei såg på Breheimsenteret

1.-4.trinn har vore på den årlege bussturen om tryggleik på bussen

2013-09-30

Heile skulen til Gaupne i lag med dei andre skulane i kommunen

Tysdag 1.oktober

Tysdag er det felles aktivitetsdag i Gaupne for alle skuleelevane i kommunen i høve Luster kommune sitt 50-årsjubileum. Fordi programmet startar i Gaupne presis kl 9.30, er det ørlite tidlegare avreise enn vanleg skulestart, les meir om detaljane her. 

2013-09-29

HEILE OPPVEKSTSENTERET HAR

Vekas dialektord

Ord på tur 26.aug (skulen): EI KLOPP, EIN TEIG, EI FONN, EIN STØL, EIT LE

2014-12-18

Skuleåret 2013/2014

Årsplanar 4.-5.trinn

Her ligg 4.-5.klasse sine årsplanar i faga:

2013-09-13
DSC_0012

Med bilete frå kafeen

Vellukka valkafé

5.-7.trinn heldt koken frå 12 til 16.30 på valdagen, og nøyaktig 100 personar var innom kaféen. Både vaflar og heimelaga syltetøy var utseld ved stengetid.

2013-09-10

Oppstart av skule- og barnehageåret, utviklingsarbeid og forventningsavklaring

Foreldremøte torsdag 5.september kl 19-20

Kva lurer du på? Kva forventar du? Lurer du på kva skulen eller barnehagen forventar av deg? Oddbjørg og Mette ynskjer alle spørsmål velkomne!

Etter foreldremøte vert det konstituering av foreldrearbeidsutvalet (fau), samarbeidsutvalet (su) og skulemiljøutvalet (smu). Foreldreutvala for barnehagen og skulen skal ha to medlem kvar i samarbeidsutvalet.

2013-08-29
roundtable

REFERAT

1. elevrådsmøte 2013/2014

Tid: Onsdag 28.august kl 10

Stad: Lærarane sitt arbeidsrom

Elevrådet 2013/2014:

  1. trinn: Håkon Viem Elvekrok
  2. trinn: Øyvind Hoel
  3. trinn: Jonas Snøtun
  4. trinn: Aslak Skamsar Aasen
  5. trinn: Tora Bjørhusdal
  6. trinn: Mathilde Nielsen Sagabråten
  7. trinn: Renate Halveg
2013-08-27

Skuleåret

Timeplan 4.-5. trinn

2016-08-24
Powered by CustomPublish AS