A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Heile skulen til Gaupne i lag med dei andre skulane i kommunen

Tysdag 1.oktober

Tysdag er det felles aktivitetsdag i Gaupne for alle skuleelevane i kommunen i høve Luster kommune sitt 50-årsjubileum. Fordi programmet startar i Gaupne presis kl 9.30, er det ørlite tidlegare avreise enn vanleg skulestart, les meir om detaljane her. 

Skulebussen køyrer ca 8.50 frå skuleplassen etter å ha plukka opp Thea, Albert og Else Marie. 

Mathilde, Cathrine og Lars Andreas blir henta heime av Arvid (i bil) ca kl 9. 

Jonas, Sondre, Oda og Jasmin blir henta i Fossøyane av Ruth (i bil) ca kl 9.

Me køyrer frå Gaupne att ca kl 14, då går dei elevane som vanlegvis tek drosjen heim på tysdagar av på vegen (dei er i Fossøyane/ på Neset mellom kl 14.15 og 14.30). Send ei melding direkte til lærarane om det er spørsmål eller endringar i siste liten.

Opplegg:

Alle klassar vert delt trinnvis, og kvart trinn er i lag med dei andre elevane på same trinn i kommunen. 

1.-4.trinn har aktivitetar i regi av Gaupne skule, 5.-7.trinn har friidrettsaktivitetar på Gaupne stadion i regi av Hafslo barne- og ungdomsskule. (Luster ungdomsskule har fellesopplegg for 8.-10.trinn om trafikktryggleik m.m.).

Fellesopplegget sluttar kl 13, etter det går me på biblioteket, så det er fint om dei som har lånekort har med seg dette! 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS