A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Samarbeid med heimen

Torsdag 24.oktober

Boka mi

Oppstart for prosjektet "Boka mi". Fyrst ut er INGEBORG

2013-10-15

Bokprosjektet i barnehagen

Dette barnehageåret vil me ha særleg fokus på fagområdet Kommunikasjon, språk og tekst.

2013-10-15

Tysdag 24.september kl 20

Foreldremøte i barnehagen

Sakliste

2013-09-23

"Omvendt klasserom" - òg fint for foreldre som vil vere leksehjelparar

Matematikk for mellomtrinnet

Her kan elevar, foreldre og andre interesserte sjå YouTube-videoar om noko av det 5.-7.trinn skal lære i matematikk, og foreldre får sjå korleis reknestykkje skal/kan setjast opp no til dags. Filmane tek for seg emne for emne, og dei fleste varer om lag 5-10 minutt kvar: Matematikk-spelelista frå læraren Ole Martin Kyllo ("SkoleKyllo") på YouTube. 

2014-04-29

1. foreldremøte 2013/2014 - OPPSUMMERING

Felles foreldremøte torsdag 5.sep

Det var veldig godt oppmøte på felles foreldremøte for oppstart av skule- og barnehageåret. Viktige saker var pedagogiske satsingsområde kommande år, praktisk info frå barnehage og skule, og spørsmål og innspel frå foreldre. Etter møtet konstituerte FAU seg, og foreldreutvala valde representantar til Samarbeidsutvalet (SU).

2014-09-03

Informasjon frå barnehagen

Me er godt i gang att med eit nytt barnehageår. Oppstarten med dei nye går heilt fint. Dei leikar og kosar seg. Me prøver no å komme i gang med tema og opplegg, og har tenkt fylgjande.
5 åringane:
Mål: Øve på å lytte og utføre. Ta imot ein beskjed og utføre!
Aktivitetar: Me ser på øyre og lærer litt om korleis øyra ser ut. Kvifor har me øyre? Me lyttar på ulike lydar og prøver å skilje lydar frå kvarandre. Ulike leikar der dei må konsentrere seg og få med seg det som blir sagt for å kunne utføre.
3 åringane:
Mål: Lære fargane, leik med fargar
Aktivitetar: Lære namn på fargane, måling, blande fargar osv
1 åringane:
Mål: Bli trygge og kjende i barnehagen
Aktivitetar: Omsorg, leik, ulike regler og songar.

2013-09-03

Oppstart av skule- og barnehageåret, utviklingsarbeid og forventningsavklaring

Foreldremøte torsdag 5.september kl 19-20

Kva lurer du på? Kva forventar du? Lurer du på kva skulen eller barnehagen forventar av deg? Oddbjørg og Mette ynskjer alle spørsmål velkomne!

Etter foreldremøte vert det konstituering av foreldrearbeidsutvalet (fau), samarbeidsutvalet (su) og skulemiljøutvalet (smu). Foreldreutvala for barnehagen og skulen skal ha to medlem kvar i samarbeidsutvalet.

2013-08-29

Barnehagen opnar att i morgon 5.august

Etter 3 veker sommarferie for alle, startar barnehagen opp att i morgon. Karianne, Gunn Jorunn og Oddbjørg er klare til å ta imot dei som er ferdige med sin ferie :)Vel møtt!
2013-08-04
sommaravsl 2013

Me ynskjer alle ein fin

Sommarferie

I dag er siste dag i barnehagen før det blir 3 veker sommarferie for alle. Me håpar at alle får ein fin ferie med mykje fine stunder med familien. Takk til alle for eit fint barnehage år! Lykke til på skulen Håkon, Lars Andreas, Siri Elise, Oda og Thekla. Til dykk andre og til dei som skal starte i barnehagen 15.august. Me snakkast i august:)
2013-07-12

Desse vert med i foreldreutvala for skule/barnehage frå hausten:

Klassekontaktar 2013-2014

Foreldrekontaktar 2013/14

Barnehagen:

Bjørn Inge Fossen, Ronny Aasen, Kjellrun Elvekrok og Ellen Kynningsrud

Skulen:

1. klasse: Jorunn Anita Åsen (vara: Bjørn Inge Fossen)

2. klasse: Oddmund Hoel (vara: Marit Aakre Tennø)

3. klasse: Gro Kirsti Hesjevoll (vara: Ingar Norberg)

4. klasse: Morten Vigdal (vara: Ronny Aasen)

5. klasse: Jane Mukiri Namu (vara: Bente Myklebust)

6. klasse: Even Loe (vara: Eli Bjørhusdal)

7. klasse: Vigdis Bakken (vara: Else Marie Haugen)

2013-06-26
Powered by CustomPublish AS