A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Informasjon frå barnehagen

Me er godt i gang att med eit nytt barnehageår. Oppstarten med dei nye går heilt fint. Dei leikar og kosar seg. Me prøver no å komme i gang med tema og opplegg, og har tenkt fylgjande.
5 åringane:
Mål: Øve på å lytte og utføre. Ta imot ein beskjed og utføre!
Aktivitetar: Me ser på øyre og lærer litt om korleis øyra ser ut. Kvifor har me øyre? Me lyttar på ulike lydar og prøver å skilje lydar frå kvarandre. Ulike leikar der dei må konsentrere seg og få med seg det som blir sagt for å kunne utføre.
3 åringane:
Mål: Lære fargane, leik med fargar
Aktivitetar: Lære namn på fargane, måling, blande fargar osv
1 åringane:
Mål: Bli trygge og kjende i barnehagen
Aktivitetar: Omsorg, leik, ulike regler og songar.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS